Arnco AS blei stifta i 1986 av dagleg leiar Arnstein Opsal, og er eit maskinentreprenørfirma i Ørsta kommune, Møre og Romsdal.

Om oss

 

Firmaet har pr. i dag seks ansatte; tre med fagbrev som Anleggsmaskinførar og med lang erfaring i yrket, ein lærling, ei med Bachelorgrad i Planlegging og administrasjon samt ein sivilingeniør i Ingeniørgeologi og bergmekanikk.

 

Arnco AS har:

  • Sentral godkjenning for tiltaksklasse 2 i Grunnarbeid og landskapsutforming.

  • Sentral godkjenning for tiltaksklasse 1 i Riving og miljøsanering.

  • Sertifikat for Anlegg, Drift og Kontroll (ADK).

  • Sertifikat for Bergsprenger og Bergsprengningsleder.

  • Medlemskap i Maskinentreprenørenes forbund (MEF). 

Vårt arbeid

Arnco AS tek på seg oppdrag som hovudentreprenør eller side-/underentreprenør innan diverse grunnarbeid. Vi har ein allsidig maskinpark med gravemaskiner, lastebilar, borerigg, dumper og anna utstyr som er nødvendig for å utføre arbeid som til dømes tomteutbygging, sprengning, byggje forstøtningsmur/natursteinsmur og grøftegraving.

 

Våre oppdragsgivarar er privatpersonar/private firma, entreprenørar/utbyggjarar, kommune, Statens vegvesen, Noregs vassdrags- og energidirektorat samt andre aktørar innan bygg- og anleggsbransjen.

Vår arbeidsstad er i Ørsta- og Voldaområdet.

© 2019 Arnco AS